tirsdag 30. desember 2008

Nominasjon til Nobels Fredspris



Marknadsliberalisme og frihandel har drege millionar av menneskjer ut av fattigdom og har vore ein avgjerande faktor for at vi har nådd det velstandsnivået som vi har i dag. Dei har og vore svert viktige tiltak for å sikre fred, då nasjonar som er avhengige av å handle med kvarandre sjeldan eller aldri går til krig mot kvarandre. Samfunn prega av frie marknadskrefter er som oftast velståande samfunn, utan grobotn for totalitære og militante ideologiar. Trass i at marknadsliberalismen har synt seg totalt overlegen alle andre former for økonomisk organisering er den i dag under sterkt press.

Verda står no midt oppi det som kan syne seg å vere den verste finanskrisa vi har sett sidan 30-talet. No som då har marknadsliberalismen vorte uskuldig dømt, og ropa på meir regulering er fleire og høgare enn på lenge. Dette er det same som skjedde etter krakket i 1929. Bobla som då sprakk hadde då som no sitt utspring i ein alt for ekspansiv pengepolitikk, og krisa vart møtt med massive og feilslåtte reguleringar, samt ein proteksjonistisk handelspolitikk. Denne giftige og keynesistiske kombinasjonen gav grobotn for nazismen i Tyskland, som igjen førde verda ut i den verste krigen vi har sett. Dette ser ut til å ha gått mange hus forbi. Ein av dei som veit kva som var årsaka til krisa, og som til og med klarte å føresjå den, er den amerikanske kongressmedlemmen Ron Paul.

Paul har lenge vore kritisk til den amerikanske sentralbanken sin pengepolitikk og har åtvara mot inflasjonismen til sentralbanksjefane Greenspan og Bernanke og dei konsekvensane den måtte få. Desse konsekvensane ser vi i dag, med resesjon og finanskrise. Paul har lenge vore motstandar av heile konseptet med ein sentralbank som har valutamonopol. Han har lenge kjempa for ein sunnare økonomisk politikk i staden for dagens inflasjonisme, som har ført oss ut det uføret vi i dag står oppi. Økonomiske kriser har hatt ein lei effekt til å få politikarar til å innføre strengare økonomiske reguleringar, som stort sett gjer vondt verre. I slike tider er det viktig at vi har politikarar som står opp for den frie marknadsøkonomien og seier eit klart nei til meir regulering. Ron Paul er ein slik politikar. Det er spesielt viktig at vi har slike politikarar i USA, då dei Amerikanske Sambandsstatane er verdas einaste supermakt og den klart viktigaste premissleverandøren for verdsordenen innan handel, diplomati, økonomi og militærmakt.

Ron Paul er utdanna lege og tenestegjorde i det amerikanske flyvåpenet under Vietnamkrigen. Han har vore medlem av Representantanes Hus i den amerikanske kongressen i 10 periodar (76-77, 79-85 og 97-d.d.) som representant frå Texas. Han er nett attvald til sin 11. periode i Kongressen. I 2008 enda han på fjerdeplass i den republikanske presidentnominasjonen. Paul sine hovudsaker i valkampen var dei same som han har jobbar for i Kongressen i alle år; meir økonomisk og personlig fridom og ein ikkje-intervensjonistisk utanrikspolitikk. Paul er mellom anna motstandar av krigen i Irak.

Gjennom sin kampanje for å verte Republikanarane sin presidentkandidat klarte Paul å kveikje ei folkerørsle som mellom anna kjempar for lågare skattar, mindre statlig styring, sunne pengar, friare og meir omfattande verdshandel og ein fredeligare amerikansk utanrikspolitikk. Pauls kampanje slo spesielt godt an hjå den yngre generasjonen i USA, og hans kampanje inspirerte millionar av unge amerikanarar til å tru på ei framtid i fred og fridom. Skal vi sikre dette, ikkje berre i USA, men i langt større delar av verda, er det avgjerande at vi står opp mot den framveksande keynesismen. Å tildele Nobels Fredspris til keynesismens fremste motstandar i den amerikanske kongressen vil sende eit sterkt signal til resten av verda om at vi må verne om dei ideala som har synt seg å bringe fred og fridom med seg.


Det er ei stor ære for underteikna å få lov til å gjere framlegg om at Nobels Fredspris 2009 vert tildelt den amerikanske kongressmedlemmen Ronald Ernest Paul (Ron Paul).



Oddvar Hallset Reiakvam

Framstegspartiet

torsdag 27. november 2008

Mitt innlegg i finansdebatten

Stortinget har i dag debattert Statsbudsjettet for 2009. Underteikna heldt innlegg og snakka om finanskrisa og samferdsel.



Vyrde President!

Eg vil begynne mitt innlegg med å gratulere regjeringa med å ha oppfylt eit valløfte. Dei raudgrøne gjekk til val for å redusere forskjellen mellom fattig og rik, og no står hovudindeksen på Oslo Børs lågare enn den gjorde når Stoltenbergregjeringa tiltredde, so forskjellen mellom fattig og rik har vorten mindre!

Mange representantar frå Regjeringspartia har i dag hevda at det er det frie markedet som har svikta når vi no har fått ei finanskrise i fanget. Ingen av dei har sagt korfor det er markedet si skuld. Det er ikkje overraskande president, for dei kunne ikkje ha vore lenger fekk frå sannheita. Representanten Lundteigen har ved fleire anledningar i dag nemnt tidlegare Federal Reserve sjef Alan Greenspan sin famøse opptreden i den amerikanske kongressen tidlegare i haust. Vi kunne då sjå den tidlegare sentralbanksjefen fossro for å redde sitt eige ettermæle, ved å prøve å framstille det som om det var dårlig risikohandtering av samtlige toppsjefar i amerikansk bankvesen, og ikkje hans feilslåtte pengepolitikk som var årsaka til krisa. Den siste tida av Greenspan si tid som sentralbanksjef var prega av manipulativt låge renter. Dette fører som kjent med seg ein del uheldigheiter. Ein av dei er bobler i økonomien. Kombinasjonen av kunstig låge renter og justeringane i Community Reinvestment Act frå slutten av 90-talet førte til at til og med personar utan inntekt fekk muligheita til å ta opp lån for å kjøpe seg bustad. Med mange nye kjøparar i bustadmarkedet steig bustadprisane kraftig, men når renta etter kvart auka frå dei kunstig låge nivåa sprakk bobla. Amerikanarane, som lenge hadde vore vande med å finansiere privat forbruk ved å auke belåninga av bustaden vart no nødde til å strame inn livreima, og forbruket gjekk ned. Konsekvensane av den amerikanske venstresida sin snillisme og sentralbanken sin feilslåtte markedsmanipulasjon ser vi no. Med finanskrise, konkursar og resesjon.

President, fleire offentlige reguleringar er ikkje løysinga på problema våre, offentlige reguleringar er årsaken til problema. Men president, no er krisa allereie komen, og no må det handling til. Det vil komme meir ledig kapasitet innan anleggssektoren i tida framover, men det er ingen grunn til at anleggsarbeidarane skal måtte gå på arbeidsledigheitstrygd. NRK Sogn og Fjordane melder i dag at rassesongen no er i gong, og mange vegar er stengde. Rassikringsbehovet er stort, og Nasjonal Rassikringsgruppe har hevda at det er behov for ein milliard i løyvingar i året til dette formålet. Regjeringa er langt unda å nå dette målet. Framstegspartiet, president, gjer i vårt budsjett framlegg om å doble løyvingane til rassikring. Her kan vi både utnytte ledig kapasitet i anleggsbransjen, samt å redde fleire liv ved å rassikre utsette vegstrekningar.

President, regjeringa har signalisert at det vil komme ein ny tiltakspakke om nokre månar, der dei vil gjere framlegg om å auke løyvingane til enkelte tiltak innan bygg og anleggssektoren, men det er ingen grunn til å vente so lenge, president. Framstegspartiet gjer allereie i dag framlegg om å bruke meir pengar på eit sårt tiltrengt krafttak innan vegsektoren og opprustning av kommunale bygg. Slik eg ser det, president, er det einaste tiltaket regjeringa kjem med for a auka sysselsettinga den veldige auka i overføringane til UDI.

fredag 21. november 2008

Stortinget - Veke 3

Då var det på tide å rapportere frå endå ei veke i maktas korridorar.

Måndag var det høyringar om Statsbudsjettet og Samemeldinga med kravstore utsendingar frå Sametinget, samt nokre karar frå Samisk Høgskule og Barnevernet. Merkelig nok var ikkje Sametinget nøgde med overføringane frå staten.....

På kvelden var det duka for nok ein kulturkveld i Nydalen (i Oslo, ikkje på Holsen) i Casa Kyle.

Tysdag var det duka for komitemøte i Kommunal- og Forvaltningskomiteen. Ellers hadde og gruppa besøk av ein gjeng rusmissbrukarar som sa si meining om norsk ruspolitikk.

Onsdagen var det som vanleg spørjetime, der regjeringa sende Statsministeren sjølv til å svare på spørsmål. Siv spurde om Regjeringa var innstillt på å vere med på eit forlik om ruspolitikk i Stortinget, og Statsministeren svara overraskande positivt. Det gjorde han derimot ikkje på spørsmåla kring finanskrisa. Statsministeren avviste alle oppmodingane om skattelettelsar for å betre på ståda med billeg AUF-retorikk. Ikkje bra - slett ikkje bra.

Torsdagen byrja med frukostmøte med Civita på ein stappfull Cafè Christiania. Temaet var finanskrisa. Per Kristian Foss, Rune Bjerke og ein professor frå BI heldt innlegg og drøfta emnet. Rune Bjerke sa seg uenig med partifella Stoltenberg i synet på skattelettelsar. Etter frukostmøtet bar det i veg til eit nytt møte. Denne gangen om Fjordvegen (vegen frå Sandnes, via Hardanger, Voss og Indre Sogn til Førde). Deretter sat eg kursen for komitehuset og møterommet til Kommunal- og Forvaltningskomiteen. Utanfor dette komiterommet heng det forøvrig kunst frå Naustedalen. Kjartan Slettemark har tulla litt med eit velkjend fotografi av Richard Nixon og klart å prakke det på Stortinget (Gammalt amerikansk ordtak: "You can sell anything to the Government").

Fredag hadde vi debatt i salen om førebygging av unge gjeldsoffer og konkursar i burettslag, før kurset vart sett mot sjølvaste Naustedalen og ei ny helg. Då er det berre ei veke att på tinget for denne gongen. Får tru eg får lagt att nokre fleire spor etter meg....

lørdag 15. november 2008

Stortinget - Veke 2

Veka vart innleia med to "møtefrie" dagar, noko som gjer seg i desse budsjettider, då ein alltid har mykje å drive med. Måndagskvelden var det duka for nok ein kulturkveld i Casa Kyle. Denne gongen såg vi ein film om korleis tyskarane prøvde å bruke papirbasert valuta som våpen mot den meir siviliserte delen av verda under siste verdskrigen. Den gullstandardiserte sambandsstatsdollaren vann som kjent både krigen og privilegiet med å vere verdast reservevaluta .Dagane vart prega av arbeid med eit framlegg som framleis er hemmelig.

Onsdag var det spørjetime, utan at eg tok meg bryet med å stille spørsmål. Dagen gjekk med til vårt alternative statsbudsjett som vart lagt fram denne dagen.

Torsdagen var det duka for interpellasjonsdebatt om modernisering av offentlig sektor (yes!). Ettersom eg vikarierar som moderniseringspolitisk talsperson i Framstegspartiet om dagen var det sjølvsagt at eg held innlegg. Denne dagen vart og FrPUar-antalet i nasjonalforsamlinga fordobla, då vår kjære nestformann, Hanne, tok sete som representant for Oppland. Torsdag var eg og innom kontoret til Kyle for å sjå kva han dreiv med, og han synte meg ymse utgreiingar som han har lese i samband med ei eller anna sak om samar den siste tida. Sjokkerandes lesning. Staten brukar visst pengar på å greie ut om samiske forhold i Hedmark fylke på fyrste halvdel av 1900-talet...... "When the blue revolution comes...."

Fredag fekk Hanne sin debut på talarstolen. Ho både gjennomførte og avslutta med stil, som ho alltid gjer ;) Eg har forresten fått nytt rom på Stortingshotellet. No residerar eg i eit dobbeltrom med utsikt ut i Akersgata og inn på noko som liknar mistenkeleg på eit meklarbord. Ellers vil du nok få sjå resultatet av resten av arbeidet mitt på trykk i ymse aviser i neste veke.

torsdag 13. november 2008

Innlegg i Stortinget om modernisering av offentlig sektor

I dag debatterte Stortinget ein interpellasjon frå Erna Solberg til Statsministeren om moderniseringsbehovet i offentlig sektor. Underteikna nytta høvet til å synge ut om valfridom og reformbehovet i offentlig sektor:

Om du ikkje gidd å lese kan du sjekke ut lenkja:
http://www20.nrk.no/stortingetwebtv/avspiller.aspx?meny=arkiv&forelder=2754&kategori=5686&id=433859

Eg får ordet etter ca 1:13:30 (Flytt fram).



Moderniseringsbehovet i offentlig sektor er stort. Dessverre ser ikkje den sittande regjeringa ut til å ta dette på alvor. Vi har store utfordringar innan både skule og helse, og vi har framleis ein overadministrert offentlig sektor og eit overbyråkratisert samfunn. Ingen av desse utfordringane ser ut til å bry regjeringa nemneverdig. Norge slit i dag med ein dyr skule som ikkje leverer resultat som vi har grunn til å vere fornøgde med, og helsekøane vert stadig lenger. Det er behov for forandring i offentlig sektor.

Eit sentralt element i arbeidet med fornying av offentlig sektor er meir valfriheit. Den sitjande regjeringa ser dessverre ut til å ha ein slags allergi mot alt som kan likne på konkurranse og innslag av private initiativ. I Sverige og England ser vi at Arbeidarpartiet sine systerparti støttar heilhjarta opp om friskular. Dei klarer heldigvis å sjå verdien av valfriheit og konkurranse. Norge er derfor, sjølv i sosialdemokratisk målestokk, umoderne. Den nyvalde presidenten i USA hadde forandring som mantra for sin valkamp. Ein av dei tinga han vil forandre, er at han vil ha eit større innslag av friskular. USA har dei same problema som Norge, med høg ressursinnsats i skulen, men resultata uteblir.

Mens resten av verda ser ut til å innsjå at friskular og valfriheit er bra, heng gamle Norge igjen i sosialdemokratiske løysingar som vart utvikla i tidleg etterkrigstid. Det norske samfunnet har forandra seg voldsomt sidan den tid, og desse løysingane har for lengst gått ut på dato. No må det forandring til. Dette gjeld dessverre ikkje berre innafor skule. Vi ser og at den same motstanden mot alt som kan minne om private innslag og konkurranse får konsekvensar og i helsepolitikken, der helsekøane har auka jamt under den sittande regjeringa. Å auke andelen av innsatsstyrt finansiering har tidlegare vist seg å vere eit treffsikkert tiltak for å få ned helsekøane. Framstegspartiet, president, går i vårt alternative statsbudsjett inn for å auke ISF-andelen frå 40 til 60%. Dette er eit tiltak som verken er dyrt eller krev store reformar, men som vi veit vil bidra til eit betre og meir effektivt helsevesen. Det er sterkt beklagleg, president, at regjeringspartia ikkje støttar oss i dette.

Valfriheit må bli regelen, ikkje unntaket, i offentlig tenesteproduksjon. Ikkje berre utifrå ein rein utilitaristisk ståstad, men fordi valfriheit og den enkeltes råderett over seg sjølv og sin eigen kvardag faktisk er ein viktig verdi i seg sjølv. Eit finansieringssystem for velferdsnorge der pengane føl brukaren gjer og i langt større grad meir valfriheit til personar som ikkje er spesielt velbemidla. Fleire friskular fører til at ungar frå alle familiar får muligheita til å velge private alternativ, og det vert ikkje berre dei med tjukkast lommebok eller rausast arbeidsgjevar som kan velje private alternativ i helsevesenet. Ein skulle derfor tru, president, at sosialdemokratar støtta heilhjarta opp om denne ideen. I fleire land gjer sosialdemokratane det, men dessverre ikkje i Norge.

Når ein høyrer representantar frå regjeringspartia snakke, president, kan ein begynne å lure på om dei vil modernisere offentlig sektor i det heile tatt. Det virkar på meg som om den sittande regjeringa er ganske so visjonslaus og ikkje har noke anna mål enn å vere ein bremsekloss for den nødvendige forandringa som so smått begynte i forrige stortingsperiode. Ein slik reaksjonær politikk er dømt til å misslukkast.

Interpellanten syner i interpellasjonen til eit sitat frå Statsminister Stoltenberg frå år 2000 der han peika på behovet for nytenking og fornying i offentlig sektor. Dessverre har Statsministeren lagt desse tankane på hylla. Eg vil på det sterkaste, president, oppfordre Statsministeren om å hente fram igjen desse tankane, for offentlig sektor har slett ikkje noke mindre behov for modernisering i dag enn i 2000. Men eg har dessverre ikkje stor tru på at han vil finne dei fram igjen med det fyrste.
Etter regjeringsskiftet og namneendringa frå moderniserings til fornyingsdepartementet kan det no virke som om vi har fått eit eige departement til å styre forsøksordningar med 6 timars arbeidsdag. Ting går i feil retning, president.

torsdag 6. november 2008

Fyrste veka på Stortinget

Då var fyrste veka på Stortinget på lenge undagjort, og det er på tide å rapportere ut til dei store massene.


Måndagen byrja med at eg gjekk over Carl Johan for å kjøpe meg ny dress, då til og med konfirmasjonsdressen er vorten for stor. Deretter bar det av stad på høyring om statsbudsjettet med Kommunal- og Forvaltningskomiteen før eg sat meg ned for å skrive på eit framlegg som eg vil kunngjere ved eit seinare høve.

Kvelden vart tilbragt i Casa Kyle, der underteikna og verten fekk ei grundig innføring i god forretningsetikk frå Gordon Gekko i filmen Wall Street.


Tysdagen var det klart for fraksjonsmøte og komitémøte med KFK. Dagens høgdepunkt var sjølvsagt valvaka på Grand Hotell på kvelden der det vart feiring av presidentvalet i Sambandsstatane. Til stor glede for meg gjekk Libertarianarane fram med ca 0,1% frå forrige val til 0,4% (Yeah!). For so vidt skuffandes etter at Barr tidlegare i år var heilt oppe på 6% på dei nasjonale målingane. "Change we can believe in" må nok gjennomførast ved at Ron Paul-fraksjonen vert meir innflytelsesrik i GOP.


Onsdag morgon hadde Sogn og Fjordanebenken møte med nokre hurtigbåtskipparar frå heimfylket. Vidare vart det arbeid med statsbudsjettet før Generalsekretøs Austtveit i ALPU tok turen over vegen for å ta seg ein prat og lage eit oppslag til FpU.no. Onsdag er og dagen for gruppemøte i Framstegspartigruppa. Etter møtet gjekk turen attende til Barteland (Når flyet omsider gjekk).

lørdag 1. november 2008

Battlecry of Freedom

"The Battlecry of Freedom" var ein kjend kampsang for Unionen under den amerikanske borgarkrigen. Flåtte tonar. Det er ikkje Naustedalen spelemannslag som spelar, men det kunne det vore.

Enjoy!

torsdag 23. oktober 2008

Chuck Baldwin - eit liberalistisk alternativ?

Ja, no er ikkje det lenge att til presidentvalet. Kongressmedlem og heidersmann, Ron Paul har bestemt seg for kven han skal røyste på. Valet fall på the Constitution Party og den 56 år gammle baptistpastoren frå Pensacola, Florida, Chuck Baldwin.

Baldwin var ein svert aktiv deltakar i Paul sin kampanje for å verte GOP sin presidentkandidat til dette valet.

Baldwin har mange gode synspunkt, sett med mine liberalistiske auge. Han vil krympe føderalstaten slik at den igjen (nesten) kjem seg inn i si konstitusjonelle råme. Baldwin er ikkje-inventersjonalist, motstandar av SN, Patriot Act og inntektsskatt. Baldwin vil avvikle Federal Reserve og gjere dollaren til ein gullstandardisert valuta. Han er og ein innbitt abortmotstandar. Vidare søttar han opp om det andre grunnlovstilleg og vil legge minst mongleg hinder i vegen for heimeundervisning.

Dessverre er det ein del ting som gjer det vanskelig for meg å heilhjarta støtte Baldwin. Han verker å vere alt for farga av sin religiøsitet. Han vil mellom anna at Dei Ti Bod skal henge i alle offentlige bygningar i USA, han vil forby pornografi og vil at den enkelte delstat sjølv skal få avgjere om homofili skal vere lovleg eller ikkje. Vidare er Konstitusjonspartiet tilhengarar av at føderale styresmakter skal jobbe for "eit høgst mogleg anstendigheitsnivå" i det amerikanske samfunnet. Dei er og dessverre svert proteksjonistiske når det gjeld handelspolitikk.

Baldwin meinar og at sørstatane hadde rett under borgarkrigen og at konføderasjonsleiarane ikkje var rasistar (*Kremt*, jaddåååå....). Baldwin vil og at den enkelte delstat skal få lov til å fråtre Unionen om den vil det.


Alt i alt klarar ikkje heilt å forstå kvifor ein god liberalist som Paul har valgt å støtte Baldwin framfor ein gjennomført liberalist som Bob Barr. Eg er i alle fall fast i trua på at Bob Barr er den beste av dei aktuelle kandidatane til presidentembetet i dei Signa Sambandsstatane! Baldwin er ein god nummer to (betre enn McBama).