tirsdag 30. desember 2008

Nominasjon til Nobels Fredspris



Marknadsliberalisme og frihandel har drege millionar av menneskjer ut av fattigdom og har vore ein avgjerande faktor for at vi har nådd det velstandsnivået som vi har i dag. Dei har og vore svert viktige tiltak for å sikre fred, då nasjonar som er avhengige av å handle med kvarandre sjeldan eller aldri går til krig mot kvarandre. Samfunn prega av frie marknadskrefter er som oftast velståande samfunn, utan grobotn for totalitære og militante ideologiar. Trass i at marknadsliberalismen har synt seg totalt overlegen alle andre former for økonomisk organisering er den i dag under sterkt press.

Verda står no midt oppi det som kan syne seg å vere den verste finanskrisa vi har sett sidan 30-talet. No som då har marknadsliberalismen vorte uskuldig dømt, og ropa på meir regulering er fleire og høgare enn på lenge. Dette er det same som skjedde etter krakket i 1929. Bobla som då sprakk hadde då som no sitt utspring i ein alt for ekspansiv pengepolitikk, og krisa vart møtt med massive og feilslåtte reguleringar, samt ein proteksjonistisk handelspolitikk. Denne giftige og keynesistiske kombinasjonen gav grobotn for nazismen i Tyskland, som igjen førde verda ut i den verste krigen vi har sett. Dette ser ut til å ha gått mange hus forbi. Ein av dei som veit kva som var årsaka til krisa, og som til og med klarte å føresjå den, er den amerikanske kongressmedlemmen Ron Paul.

Paul har lenge vore kritisk til den amerikanske sentralbanken sin pengepolitikk og har åtvara mot inflasjonismen til sentralbanksjefane Greenspan og Bernanke og dei konsekvensane den måtte få. Desse konsekvensane ser vi i dag, med resesjon og finanskrise. Paul har lenge vore motstandar av heile konseptet med ein sentralbank som har valutamonopol. Han har lenge kjempa for ein sunnare økonomisk politikk i staden for dagens inflasjonisme, som har ført oss ut det uføret vi i dag står oppi. Økonomiske kriser har hatt ein lei effekt til å få politikarar til å innføre strengare økonomiske reguleringar, som stort sett gjer vondt verre. I slike tider er det viktig at vi har politikarar som står opp for den frie marknadsøkonomien og seier eit klart nei til meir regulering. Ron Paul er ein slik politikar. Det er spesielt viktig at vi har slike politikarar i USA, då dei Amerikanske Sambandsstatane er verdas einaste supermakt og den klart viktigaste premissleverandøren for verdsordenen innan handel, diplomati, økonomi og militærmakt.

Ron Paul er utdanna lege og tenestegjorde i det amerikanske flyvåpenet under Vietnamkrigen. Han har vore medlem av Representantanes Hus i den amerikanske kongressen i 10 periodar (76-77, 79-85 og 97-d.d.) som representant frå Texas. Han er nett attvald til sin 11. periode i Kongressen. I 2008 enda han på fjerdeplass i den republikanske presidentnominasjonen. Paul sine hovudsaker i valkampen var dei same som han har jobbar for i Kongressen i alle år; meir økonomisk og personlig fridom og ein ikkje-intervensjonistisk utanrikspolitikk. Paul er mellom anna motstandar av krigen i Irak.

Gjennom sin kampanje for å verte Republikanarane sin presidentkandidat klarte Paul å kveikje ei folkerørsle som mellom anna kjempar for lågare skattar, mindre statlig styring, sunne pengar, friare og meir omfattande verdshandel og ein fredeligare amerikansk utanrikspolitikk. Pauls kampanje slo spesielt godt an hjå den yngre generasjonen i USA, og hans kampanje inspirerte millionar av unge amerikanarar til å tru på ei framtid i fred og fridom. Skal vi sikre dette, ikkje berre i USA, men i langt større delar av verda, er det avgjerande at vi står opp mot den framveksande keynesismen. Å tildele Nobels Fredspris til keynesismens fremste motstandar i den amerikanske kongressen vil sende eit sterkt signal til resten av verda om at vi må verne om dei ideala som har synt seg å bringe fred og fridom med seg.


Det er ei stor ære for underteikna å få lov til å gjere framlegg om at Nobels Fredspris 2009 vert tildelt den amerikanske kongressmedlemmen Ronald Ernest Paul (Ron Paul).



Oddvar Hallset Reiakvam

Framstegspartiet

5 kommentarer:

Kyle sa...

Hurra!

Anonym sa...

Glimrende initiativ! Har du sendt inn dette?

Oddvar_Reiakvam sa...

Åja. Dette sende eg til Nobelkomiteen i november. På tide å få det ut på bloggen.

Anonym sa...

Glimrende forslag!

Oddvar_Reiakvam sa...

Takk for det, Kristian!