Leiarane i Framstegspartiets Ungdom og Unge Høgre har kome fram til ei lang rekke ”krav” til moderpartia våre i samband med danning av ei eventuell koalisjonsregjering etter haustens val. Lista inneheld mange gode punkt. Mellom anna er FpU og UH samde om at formueskatten, arveavgifta og dokumentavgifta bør fjernast. I tillegg vil vi mellom anna auke botnfrådraget til 120 000 kroner samt heve innslagspunktet for toppskatten.
Ikkje uventa har fleire på venstresida reagert på fleire av framlegga. Mellom dei er Karianne Torvanger i Sogn og Fjordane Ap. Spesielt reagerar ho på nokre av kutta vi vil gjere på utgiftssida i statsbudsjettet. FpU og UH er samde om at det bør innførast to karensdagar. Dette har synt seg å vere eit treffsikkert verkemiddel i kampen mot korttidssjukefråvær. Mellom anna i Finland. I tillegg ynskjer FpU og UH at fleire uføre skal nytte restarbeidsevna si i større grad enn i dag. I dag mottek heile 700 000 personar i arbeidsfør alder ein eller annan form for offentlig støtte. Det som er mest bekymringsfullt med dette talet er at det er sterkt aukande, og krev ein stadig større del av statsbudsjettet. Dessverre har ikkje den sitjande regjeringa gjort noko for å betre situasjonen. Kvar gong nokon frå Høgre eller FrP nemner dette problemet vert vi med ein gong sett i bos som ”usosiale”. Til og med Karl Marx meinte at folk skulle yte det dei kunne. Nordmenn har aldri hatt betre helse og arbeidstilhøve. Då kan ikkje Regjeringa berre sitje å sjå på at fleire og fleire vert avhengige av trygdeytingar.
Når det gjeld skattelettelsane FpU og UH føreslær so vil mesteparten av pengane gå med til å heve botnfrådraget til 120 000 kroner. Dette er eit tiltak som kjem ALLE skatteytarar til gode, uavhengig av inntekt. So at det er eit skatteopplegg som fyrst og fremst tener dei rike, slik som Torvanger hevdar, er direkte feil. I FrP sitt alternative statsbudsjett for 2009 gjorde vi framlegg om å gje 10 milliardar i skattelette til dei som tener under 300 000 kroner. Gruppa som tener over ein million i året vart tilgodesett med 0,4 milliardar, eller 2% av dei samla skattekutta vi gjorde framlegg om. Vårt skatteopplegg har berre ein tapar, og det er staten.
Den raudgrøne regjeringa har auka statens utgifter med 100 milliardar kroner sidan den tiltredde, men kva resultat har dei eigentleg å syne til? Det vert stadig fleire fattige, trass i rekordhøge trygdeutgifter. Helsekøane veks med 20 000 personar i året sjølv om sjukehusbudsjettet er rekordstort. Norske elevar gjer det dårligare og dårligare på internasjonale undersøkingar sjølv om vi brukar meir pengar på skule enn nokon gong og vi har fleire lærarar pr. elev enn dei fleste andre OECD-land. Då er det ingen grunn til å tru at dei raudgrøne sine lovnader om meir pengar skal vere det saliggjerande. Det må systemendringar og reformar til. Det er på høg tid å fornye Norge. Skal vi få til det må den systemkonservative og reaksjonære regjeringa vi har i dag få avløysing av ei ny, blå-blå regjering.
fredag 31. juli 2009
Marknaden fungerar
Om ein let den få sjansen. Dessverre har dei raudgrøne stått på for å forhindre dette dei åra dei har sete i regjering. I onsdagens Firda kunne vi lese at Senterpartiets Jenny Følling vil vekk frå ”marknadstenkinga” i sjukehusdrifta, som ho hevdar ikkje har vore nokon suksess. Eg skal vere samd med Følling i at det er mykje å rette på i norsk helsevesen, men for mykje marknadstenking er slett ikkje noko problem. Tvert om.
Eg skal gje Følling rett i at vi har noko å lære av skottane. Føretaksmodellen er neppe ein ideell måte å organisere sjukehusa på, men å byte dei ut med ein nasjonal helsetzar eller helsekommisar er ikkje vegen å gå. Ein av grunnane til at økonomien i helseføretaka ikkje fungerar er mangel på marknadstenking i helsepolitikken.
I dag vert norske sjukehus finansiert gjennom rammetilskot og innsatsstyrd finansiering (ISF). 60 prosent av pengane kjem som rammetilskot, medan dei resterande 40 kjem som ISF. I dei åra Bondevik 2-regjeringa og Framstegspartiet inngjekk budsjettforlik i førre stortingsperiode fekk FrP gjennomslag for at andelane skulle snuast, slik at 60 prosent av inntektene kom i form av ISF. Dette fungerte godt. Kvart einaste år vart ventelistene kortare. Det eine året Bondevik 2 inngjekk budsjettforlik med Arbeidarpartiet, vart dei samde om at berre 40 prosent av inntektene skulle vere innsatsstyrd. Og kva skjedde det budsjettåret? Jau, ventelistene auka! Det same har skjedd etter at dei raudgrøne inntok regjeringskontora. ISF-andelen har vore 40 prosent heile tida, og kvart einaste år har ventelistene vorte lenger. No har dei raudgrøne teke mål av seg å forlenge ventelistene ytterligare, ved å redusere ISF-andelen til 20 prosent, og kommunane skal trø til med dei siste 20.
Dei raudgrøne sitt framlegg til ny finansieringsmodell er dømt til å feile. Ganske enkelt fordi den legg uoppnåelege føresetnader til grunn. Den føreset nemleg at når Stortinget og kommunestyra rundt om i landet vedtek neste års budsjett veit kor mange som skal verte sjuke i året som står for døra. Det seier seg sjølv at både Stortinget og kommunestyra vil handle i blinde. Resultatet av Regjeringa sin helsepolitikk kan umogleg verte noko anna enn ein ny episode av det tilsynelatande evigvarande freakshowet ”Staten gjer ting den ikkje kan”. Skal vi klare å stable eit helsevesen på beina som tilbyr dei tenestene som folk etterspør so klarar vi ikkje det gjennom den ”ovanfrå og ned”-haldninga som dei raudgrøne står for. Det er lækjarane og pasientane, ikkje politikarar og byråkratar, som veit kva tenester som trengs. Det er berre gjennom ein monaleg større andel innsatsstyrd finansiering at sjukehusa kan justere tilbodet sitt i takt med at folk sine behov for helsetenester endrar seg.
Heldigvis skal ikkje forverringa av finansieringssystemet for helsevesenet setjast i verk før i 2012, so eit regjeringsskifte til hausten vil kunne stoppe det raudgrøne feilskjeret.

torsdag 19. mars 2009
tirsdag 3. mars 2009
4. mars - Dei store talars dag
4. mars er datoen då to av dei beste talane i historia vart heldne. I 1865 vart Abraham Lincoln gjeninnsett som president i USA og holdt då ein av sine beste talar. Tala handla naturlig nok mest om Krigen Mellom Statane og om gjennoppbygginga som stod for døra. Eg har spesielt sansen for den siste delen av talen. Som høyrest slik ut:
"Both read the same Bible and pray to the same God, and each invokes His aid against the other. It may seem strange that any men should dare to ask a just God's assistance in wringing their bread from the sweat of other men's faces, but let us judge not, that we be not judged. The prayers of both could not be answered. That of neither has been answered fully. The Almighty has His own purposes. 'Woe unto the world because of offenses; for it must needs be that offenses come, but woe to that man by whom the offense cometh.' If we shall suppose that American slavery is one of those offenses which, in the providence of God, must needs come, but which, having continued through His appointed time, He now wills to remove, and that He gives to both North and South this terrible war as the woe due to those by whom the offense came, shall we discern therein any departure from those divine attributes which the believers in a living God always ascribe to Him? Fondly do we hope, fervently do we pray, that this mighty scourge of war may speedily pass away. Yet, if God wills that it continue until all the wealth piled by the bondsman's two hundred and fifty years of unrequited toil shall be sunk, and until every drop of blood drawn with the lash shall be paid by another drawn with the sword, as was said three thousand years ago, so still it must be said 'the judgments of the Lord are true and righteous altogether'.
With malice toward none; with charity for all; with firmness in the right, as God gives us to see the right, let us strive on to finish the work we are in; to bind up the nation's wounds; to care for him who shall have borne the battle, and for his widow, and his orphan – to do all which may achieve and cherish a just and lasting peace, among ourselves, and with all nations".
I 1933 vart Franklin Delano Roosevelt innsett i same verv som Lincoln ein gong hadde. Sjølv om FDR gjorde mykje fælet i dei to fyrste presidentperiodane sine var han, med unntak av Lincoln, den mest taleføre presidenten USA nokon gong har hatt. Når han vart sett inn som president heldt han si berømte "The only thing we have to fear is fear itself"-tale.

torsdag 26. februar 2009
Depresjonen på 30-talet - inflasjonismen feila
Det frie og uregulerte marked har blandt mange fått skulda for børskrakket i 1929 og den påfølgande depresjonen. I 1928 trudde dei fleste mainstreamøkonomar at ein no hadde funne ein "perfekt" pengepolitikk, som skulle føre til permanent velstandsauke. Berre ein av dei mest kjende økonomane sa i 1928 at verda no stod på kanten av ei krise. Denne økonomen var austerrikaren Ludwig von Mises. Krakket var ikkje resultatet av det frie marked, men av offentlig manipulering med pengemengda. Røtene til krakket i 1929 starta når den fyrste verdskrigen var over.
Under 1. verdskrigen hadde Storbritannia suspendert gullinnløysinga av pundet. For å finansiere krigføringa hadde dei og utferda mykje ny valuta utan å ha dekning for det i gull. Men so lenge gullinnløysinga var mellombels suspendert gjekk det bra. Når krigen var over dann imidlertid britane ut at dei ville gjenninføre gullinnløysinga. Under Genoa Konferansen i 1922 vart det etablert ein ny pengepolitisk orden i verda. Den amerikanske dollaren var no den einaste av verdsvalutaene som var innløyseleg i gullmyntar, medan dei andre store skulle berre vere innløyselege i gullbarrar og britiske pund. Det britiske pundet skulle ein og kunne veksle inn i dollar. Men britane hadde langt ifrå dekning nok, verken av gull eller dollar. Det betyr at gullinnløysinga i praksis var fjerna for folk flest over store delar av verda. Dette la grunnlaget for ein veldig inflasjonspolitikk.
Britane valde dei å gjeninnføre gullinnløysinga til gammal pari-kurs (Dvs eit pund skulle tilsvare like mykje gull som før pengemengda hadde blitt kraftig ekspandert). Dette førde til at dekningsgraden for setlane vart mykje dårligare enn den hadde vore før krigen, og mange som sat med pund valde å veksle desse inn i gull og flytte det utanlands. For å forhindre dette burde britiske styresmakter devaluert pundet (dvs gje det ein lågare gullverdi), slik at dei framleis ville ha nok gull. Dette valde dei dessverre ikkje å gjere. Som følge av at pundet var kunstig overvurdert lei britisk eksportnæring, og arbeidsløysa steig. Samstundes hadde Storbritannia rause velferdsordningar for arbeidsledige som trengde finansiering. Ettersom næringslivet sleit kunne ein ikkje skattelegge dei for å betale for velferdsgodene. Løysinga vart å trykke endå meir pengar. For å forhindre at britane skulle lide meir klarte den britiske sentralbanksjefen å overtale Benjamin Strong, som var FED-sjef i New York (På denne tida meir mektig enn FED-Chairman) om å trykke meir pengar, slik at dollaren ikkje skulle utkonkurrere pundet.
Dette verka. Strong handla statspapir med ein veldig iver og dermed ekspanderte pengemengda. Etter å ha vore sjuk i mesteparten av 1923 var Strong tilbake i full sving i november og heldt fram med å ekspandere pengemengda, og dermed innleie "boom"-fasen i businessyklusen. Når pengemengda aukar ved at sentralbanken trykker nye pengar vil prisen på pengar (renter) falle. Dermed vil fleire investeringar verte lønnsomme og sett i verk. Samstundes vil konsumentane konsumere meir, og spare mindre. Dette fører til ein mellombels opptur i økonomien. Etterspørselen etter "alt" vil ta seg opp, og produksjonskapasiteten vil auke fordi det vert investert meir. Oppturar som kjem som følge av dette er alltid mellombelse, sjølv om mange hevdar at "denne gangen er det annerleis". Dersom staten og bankvesenet let vere å manipulere pengemengda vil investeringane som vert sett i gang vere lik sparinga. Dermed vil folk ha ressursar i bakhand til å nytte til å kjøpe dei varene som den ekstra produksjonskapasiteten vil produsere. Når staten/bankane manipulerar pengemengda ved å auke pengemengda vil investeringane verte i overkant store i høve det framtidige konsumet. Når konsumentane før eller seinare lyt strame inn på forbruket sit produsentane der med sjegget i postkassa og alt for stor produksjonskapasitet. "Bust"-fasen vert då innleia. For at denne skal gå over må ein la overflødig produksjonskapasitet bli likvidert. Dette ville imidlertid ikkje Hoover og Roosevelt som fekk i oppgåve å handtere krisa. Hoover, som var president frå 29 til 33 svara på krisa ved å auke skattane og statsutgiftene. Dei føderale utgiftene auka med heile 55% på dei fire åra han sat som president, og sentralbanken hadde vide fullmakter til å tilby kreditt, so påstandane om at han ikkje gjorde noko er feil. Det var imidlertid ein del indre kamp i regjeringa til Hoover om dette. Finansminister Mellon var motstandar av politikken til Hoover, men tala for døve øyrer.
Ting vart ikkje betre når Roosevelt tok over i '33. Roosevelt sette i verk massive, offentlige mottiltak for å dempe arbeidsløysa. Slike program bidreg imidlertid ikkje til økonomisk vekst, berre til ei mellombels innskrenking i arbeidsløysa. Dette fordi det vert produsert varer og tenester som politikarane, ikkje markedet, etterspør.
Amerikanarane har hatt stor suksess med langt mindre regulerane økonomisk politikk enn dei hadde etter at Federal Reserve vart starta i 1913. Eit godt døme på dette er perioden frå gullstandarden vart fullt ut gjenninnført i 1879 (denne vart suspendert i 1862 som følge av Krigen Mellom Statane) og fram til århundreskiftet, då progressivistane kom til makta. Tida frå 1879 til 1897 var ein periode med høg økonomisk vekst (3,7% i året, justert for prisstiging). Dette hadde ein sjølv om prisane i same perioden fall (ca 1% i året). Dette skulle ikkje vere mogleg skal ein tru "moderne" økonomar som er livredde for "japanske-tilstandar" (Ref. Bernanke. Problema japanarane hamna i på 90-talet var og eit resultat av inflasjonisme på siste halvdel av 80-talet). Amerikanarane har aldri hatt eit ordentlig "Free banking" system, slik som mange hevdar. Tide frå Andrew Jackson la ned sentralbanken på 1830-talet og fram til 1862 har fått namnet "The Free Banking Era". Amerikanarane hadde på dette tidspunktet ingen sentralbank, i staden hadde ein forskjellige mindre sentralbankar rundt om i dei forskjellige delstatane.
Politikarane bør lærdom av korleis dei handterte krisa som oppstod i 1920/21. Det fyrste året av denne nedturen var faktisk verre enn det fyrste året av depresjonen. Denne krisa oppstod som følge av den kunstige boomen som vart sett i verk som følge av inflasjonspolitikken under fyrste verdskrigen, men korleis vart den løyst? Kva gjorde politikarane? Ingen ting! Og det gjekk høvesvis snøgt over. Dessverre er ein slik "hands off" motkonjukturpolitikk alt for politisk ukorrekt, og politikarar som kjempar for slike løysingar vert stort sett ikkje valgt. Ron Paul er eit heiderleg unntak. Bakgrunnen for den forferdelige politikken som vart ført i forkant av, og under depresjonen, og den som vert ført i vår til kan nok enkelt forklarast med den engelske diktaren Samuel Johnson sine ord:
"The reigning error of mankind is, that we are not content with the conditions on which the goods of life are granted."
I år er det 35 år sidan den kjende austerrikaren Freidrich A. von Hayek van Nobelprisen i økonomi. Tittelen på arbeidet som han van prisen for oppsumerar i grunn ganske godt kva løysinga er: "Denationalisation of Money". Få staten ut av pengebransjen! Pengar er eit produkt av det frie markedet som oppstod fordi det er eit behov for det! Inflasjon er tjuveri! F*** ta Olav Trygvasson og andre som har gjort pengar til ei offentleg oppgåve!
Eg vil forøvrig anbefale Murray Rothbard sine bøker "History of Money and Banking in the United States" og "Americas Great Depression". Det er særs god og informativ lesing om kva som eigentleg har skjedd i USAs finansverd opp gjennom åra. Begge inneheld ei god blanding av teori og empiri. God lesning!

Etiketter:
Amerikansk Historie,
Austerrisk Økonomi
mandag 16. februar 2009
USAs Presidentar
C-Span har nyleg rangert samtlige av USAs presidentar opp gjennom åra. Som venta vant Abraham Lincoln. George Washington slo denne gangen Franklin Delano Roosevelt i kampen om tredjeplassen medan Theorodre Roosevelt og Harry S. Truman enda på høvesvis 4. og 5. Resten av lista kan du finne her.
Ein skal ikkje lenger ned enn til 6. plassen før fyrste "overrasking" kjem. Jack Kennedy. Det var ikkje overraskande at han kom høgt, då han var svert populær, men det var høgst ufortent. Anders Giæver i VG meinar i tur at Lyndon B. Johnson burde kome før Kennedy. Ikkje spesiellt overraskande at VG meinar dette, då LBJ truleg er den amerikanske presidenten som var vore mest "Big Government". Han var og ein ivrig krigshissar. Med andre ord var han ganske lik Bush. Det vert mykje skriving om eg skal nemne alt eg er ueinig i, so eg vil nemne eit par stykker som heilt klart er feilplassert i tillegg med JFK og LBJ som heilt klart høyrer heime i nederste sjikt av lista, saman med George W. Bush og (HEILT sikkert) Barack Obama.
Dei som i fyrste augekast er feil plassert er:
13. Andrew Jackson. Han var president frå 1829 til 37 og fekk gjort mykje, til tross for dårlig helse. Han fekk lagt ned sentralbanken, som var den store kampen i regjeringstida. Fortener heilt klart ein høgare plass enn 13.
17. John Adams. Truleg ein av dei verste presidentane USA har hatt. Fekk ei umogleg oppgåve med å ta over roret etter Washington, og tok fatt på jobben meir oppteken av å skjerme sin eigen person frå sjenerande omtale i media enn å kjempe for fridomen. Unngjekk so vidt krig med Frankrike, men det var Napoleons ære, ikkje Adams.
21. Grover Cleveland. La ned veto mot alt som kom av kongressvedtak som gjaldt områder som ikkje var delegert til føderale styresmakter av grunnlova. Noko for hans partifelle, Barack Obama, å tenke på....

Amerikanske Presidentar
onsdag 11. februar 2009
Ten score years ago.....
I dag, 12. februar er det 200 år sidan Abraham Lincoln vart fødd. "The Great Emancipator" er mest kjend for å vere presidenten som leia Unionen til siger over Konføderasjonsstatane i Krigen Mellom Statane som førde til at slaveriet i Amerika vart avvikla.

Lincoln vart fødd, og vaks opp i ein motbakke i Hardin County, Kentucky, før familien hans flytta til Indiane. Lincoln flytta seinare til New Salem, Illinois og deretter til delstatshovudstaden Springfield. Lincoln var ikkje av spesiellt rik slekt, men han utmerka seg som ein svert talentfull kar i ung alder. Lincoln gjekk aldri på skule, men lærte allikevel å lese tidleg. Den fyrste boka han las var "The Life of George Washington" som lærte han om dei verdiane han seinare ville kjempe for i politikken. I denne boka var det eit bilde av General Washington som såg utover ein gravplass der fallne frå Kontinentalhæren låg. Washington skal då ha nytta seg av orda som Lincoln eviggjorde ved Gettysburg: "These dead shall not have died in vain". Seinare tok Lincoln til å lese jus, og fekk løyve til å drive advokatpraksis i staten Illinois.
Etter kvart vart han og medlem av Whig-partiet og engasjerte seg i politikken i Illinois. Han tenestegjorde i delstatsforsamlinga der i ei årrekke og vart i 1846 innvalgt i Representantanes Hus i den amerikanske kongressen. Lincoln valde å trekke seg etter at toårsperioden var omme. Han var motstandar av den pågåande krigen mot Mexico, som var svert populær i hans heimdistrikt. Lincoln trakk seg no attende frå rampeljoset og returnerte til advokatpraksisen i Springfield, Illinois. I 1854 vedtok den amerikanske kongressen at områda Kansas og Nebraska skulle innlemmast i Unionen. Fram til no var det berre statar sør om Missouris nordlige grense som fekk lov til å ha slaveri. Kansas og Nebraska fekk no høve til sjølv å avgjere om dei ville tillate slaveri eller ikkje, sjølv om dei låg nord om den aktuelle grensa. Dette førde til at Lincoln igjen returnerte til politikken. Whigpartiet var no oppløyst som følge av Kansas Nebraska Act, og eit nytt og radikalt parti, Det Republikanske Partiet hadde blitt skipa. Lincoln prøvde å verte nominert til Visepresidentembetet i 1856, men enda på 2. plass. To år seinare prøvde han å verte vald inn i Senatet, men tapte knepent mot Stephen Douglas. Douglas var demokrat og hadde vore Lincolns rival i mange år. Dei hadde begge vore ute etter same dama, Mary Todd. Her gjekk imidlertid Lincoln av med sigeren. Dei hadde og vore rivaliserande advokatar i Illinois og hadde kjempa om viktige jobbar der. I 1860 var dei igjen motkandidatar. Lincoln hadde no blitt nominiert til det Republikanske Partiet sin presidentkandidat. Demokratane var no djupt splitta i synet på slaveri. Det førde til at dei stilte med to forskjellige presidentkandidatar. I dei nordlige statane var nemnde Douglas, medan sitjande visepresident John Breckinridge stilte i sør. Lincoln vant som kjent, og i sør var folk i harnisk. Lincoln hadde ikkje gått til val for å avskaffe slaveriet. Han ville berre forhindre at det spreia seg.
Dette var imidelertid ikkje nok for folk i sør, som frykta at slaveriet ville dø ein sakta død som følge av Lincolns politikk, som dei meinte greip for langt inn i den enkelte stats sjølvstyre. Stat etter stat valde no å forlate Unionen, og i alt 11 statar braut ut og danna Amerikas Konfødererte Statar. Krig var no unngåelig og Amerikas blodigaste krig nokon sinne braut ut 12. april 1861 når CSA-artilleri opna eld mot Fort Sumter ytterst i havna i Charleston, South Carolina. Starten av krigen gjekk heller dårlig for Unionen. Dei tapte slag etter slag og det såg no ut for berre å vere eit spørsmål om tid før Storbritannia og Frankrike ville annerkjenne Konføderasjonsstatane som ein sjølvstendig nasjon, noko som ville bety tap for Lincoln. Etter at Unionsstyrkar under George McClellan hadde makta å drive Robert E. Lee og Nordvirginiahæren ut av Maryland hausten 1862 signerte Lincoln Frigjeringserklæringa, som sa at slavar i dei statane som gjorde opprør mot Unionen skulle frigjerast. Dette gjorde det politisk umuleg for dei europeiske stormaktene å støtte sørstatane.
Sjølv om det no var utelukka med europeisk intervensjon var krigen langt frå vunnen. Sørstatsgeneralane Robert E. Lee og Stonewall Jackson dreiv Unionsstyrkane i Virginia til vannvidd og beseira dei i slag etter slag. Sommaren 1863 invaderte igjen Lee Maryland og marsjerte vidare inn i Pensylvania. Kampanjen enda i Gettysburg der Lee møtte sitt "Waterloo" og måtte returnere til Virginia. Slaget var det største som nokon gong har blitt utkjempa på den vestlege halvkule. I løpet av tre dagars desperata kampar fall over 50,000 amerikanarar for saka dei trudde på og var villjuge å gje alt for. I november kom Lincoln til Gettysburg i høve dedikeringa av den veldige gravplassen som vart laga der for å begrave alle dei fallne. Det var her Lincoln held si berømte Gettysburgtale der han i løpet av tre minuttar på ein utruleg måte makta å oppsumere kva krigen no handla om og viktigheita av siger for nordstatane. Talen finn du for øvrig i novemberkatalogen på denne bloggen.
Ressursane i sør var no i ferd med å renne ut. Dei hadde mista mange soldatar og var ikkje på langt nær like godt utrusta som sine nordlege motpartar. Lincoln hadde lenge slitt med å finne ein general som kunne ta knekken på Robert E. Lee. I 1864 forfremja han Ulysses S. Grant til Generalløytnant, den fyrste amerikanar som nådde den graden sidan George Washington. Han fekk komandoen over alle Unionsstyrkane og sette etter Lee i Virginia. Det enda med beleiringa av Petersburg sør i Virginia før Grant omsider makta å drive restane av Lee's hær vekk derifrå og vidare vestover. Grant forsatte etter Lee og omringa det som var restane av den ein gang so stolte og frykta "Army of Northern Virginia". 12. april 1865 overga Lee seg til Grant, og krigen var i praksis over. To dagar seinare overtalte Mary Todd Lincoln om å vere med til Fords Theater for å sjå oppsetjinga av "My American Cousin". Lincoln hadde ikkje spesiellt lyst å gå, han hadde trass alt sett stykket før. Han hadde imidlertid lova teateret å komme, og valde å la seg overtale. eit stykke ut i spelet hørde ein eit skot bli avfyrt, og det vart heilt stilt i salen i nokre sekund før ein kunne høyre Mary Todd hyle når ho såg mannen sin var skoten. Deretter hoppa ein kar ut av VIP-boksen der Mary Todd og president Lincoln sat. Han landa på scena, braut foten, og ropte: "Sic Semper Tyrannis" (Trur ein). Det betyr noko slikt som: "Slik gjer ein alltid med tyrannar". Det var det same som Brutus ropte etter at han drap Cesar og er mottoet til Virginia. Lincoln var framleis i live etter å ha vorte skoten, men han døyde morgonen etter.
Denne mannen var John Wilkes Booth. Skodespelar med sørstatssympatiar. Han var imidlertid for feig til å ta opp våpen og forsvare heimstaten sin under krigen. Dette skamma han seg over og hadde planlagt saman med nokre medkonspiratørar å kidnappe Lincoln for å gjere opp for det. Dagen før attentatet held Lincoln si siste tale. Der tok han til orde for at dei frigjorde slavane skulle få røysterett. Dette forandra planane til Booth & co. Dei skulle no samstudes drepe Lincoln, visepresident Andrew Johnson og fleire medlemmar av Lincolns regjering. Det var imidlertid berre attentatet på Lincoln som vart vellukka. Booth hadde hesten sin ståandes utanfor teateret og kom seg ut av Washington. Han fekk imidlertid soldatar etter seg, og han vart funnen på ei løe i Virginia nokre dagar seinare. Han nekta å overgje seg, og vart dermed skoten. Dei som hadde samarbeida med Booth vart og funne og stilt for retten. Samtlige vart dømt og hengde.
Abraham Lincoln er kanskje den politikaren i verda med den mest imponerande CV'en; Han makta å samle Unionen att, han frigjorde slavane og har sidan hans gjekk vekk vore ei inspirasjonskjelde til politikarar over heile verda. Han var ein framifrå talar, og hans Gettysburgtale er, ved sidan av Martin Luther King si kjende tale, den mest siterte tala i verda. Han holdt og mange andre gode talar. Min favoritt er den han held når han vart attinnsett som president i 1865. Eg kan og nemne "House divided"-talen, som han heldt på same trappa som Barack Obama stod når han erklærte at han ville prøve å verte president. I Peoria, Illinois heldt han og ei framifrå tale når han returnerte til politikken i 1854. Same året held han og det som er kjent som "Lincolns Unknown Speech" som han holdt når det Republikanske Partiet i Illinois vart stifta. Tala skal visst ha vore so imponerandes at dei som skulle skrive refferat vart so oppslukt i talen at dei ikkje makta å skrive. Kor sant akkurat dette er skal vere usagt. Lincoln var og ein framifrå historieforteljar. Ein seinare president, Ronald Reagan, var og ein god historieforteljar. Dette var eit triks som han hadde lært av Lincoln. Reagan var ein ivrig student av Lincoln og mange av kjenneteikna ved politikaren Reagan finn vi att i Lincoln.
Lincoln kan kort oppsumerast ved å sitere Edwin Stanton, som var krigsminister under Lincoln. Han sa dagen etter at Lincoln vart drepen, når dei fekk sjå den daude presidenten i kista:
"There lies the most perfect ruler of men the world has ever seen. Now he belongs to the ages".

Amerikanske Presidentar,
Krigen mellom Statane
Abonner på:
Innlegg (Atom)