fredag 31. juli 2009

Marknaden fungerar

Om ein let den få sjansen. Dessverre har dei raudgrøne stått på for å forhindre dette dei åra dei har sete i regjering. I onsdagens Firda kunne vi lese at Senterpartiets Jenny Følling vil vekk frå ”marknadstenkinga” i sjukehusdrifta, som ho hevdar ikkje har vore nokon suksess. Eg skal vere samd med Følling i at det er mykje å rette på i norsk helsevesen, men for mykje marknadstenking er slett ikkje noko problem. Tvert om.

Eg skal gje Følling rett i at vi har noko å lære av skottane. Føretaksmodellen er neppe ein ideell måte å organisere sjukehusa på, men å byte dei ut med ein nasjonal helsetzar eller helsekommisar er ikkje vegen å gå. Ein av grunnane til at økonomien i helseføretaka ikkje fungerar er mangel på marknadstenking i helsepolitikken.

I dag vert norske sjukehus finansiert gjennom rammetilskot og innsatsstyrd finansiering (ISF). 60 prosent av pengane kjem som rammetilskot, medan dei resterande 40 kjem som ISF. I dei åra Bondevik 2-regjeringa og Framstegspartiet inngjekk budsjettforlik i førre stortingsperiode fekk FrP gjennomslag for at andelane skulle snuast, slik at 60 prosent av inntektene kom i form av ISF. Dette fungerte godt. Kvart einaste år vart ventelistene kortare. Det eine året Bondevik 2 inngjekk budsjettforlik med Arbeidarpartiet, vart dei samde om at berre 40 prosent av inntektene skulle vere innsatsstyrd. Og kva skjedde det budsjettåret? Jau, ventelistene auka! Det same har skjedd etter at dei raudgrøne inntok regjeringskontora. ISF-andelen har vore 40 prosent heile tida, og kvart einaste år har ventelistene vorte lenger. No har dei raudgrøne teke mål av seg å forlenge ventelistene ytterligare, ved å redusere ISF-andelen til 20 prosent, og kommunane skal trø til med dei siste 20.

Dei raudgrøne sitt framlegg til ny finansieringsmodell er dømt til å feile. Ganske enkelt fordi den legg uoppnåelege føresetnader til grunn. Den føreset nemleg at når Stortinget og kommunestyra rundt om i landet vedtek neste års budsjett veit kor mange som skal verte sjuke i året som står for døra. Det seier seg sjølv at både Stortinget og kommunestyra vil handle i blinde. Resultatet av Regjeringa sin helsepolitikk kan umogleg verte noko anna enn ein ny episode av det tilsynelatande evigvarande freakshowet ”Staten gjer ting den ikkje kan”. Skal vi klare å stable eit helsevesen på beina som tilbyr dei tenestene som folk etterspør so klarar vi ikkje det gjennom den ”ovanfrå og ned”-haldninga som dei raudgrøne står for. Det er lækjarane og pasientane, ikkje politikarar og byråkratar, som veit kva tenester som trengs. Det er berre gjennom ein monaleg større andel innsatsstyrd finansiering at sjukehusa kan justere tilbodet sitt i takt med at folk sine behov for helsetenester endrar seg.

Heldigvis skal ikkje forverringa av finansieringssystemet for helsevesenet setjast i verk før i 2012, so eit regjeringsskifte til hausten vil kunne stoppe det raudgrøne feilskjeret.

Ingen kommentarer: