fredag 31. juli 2009

Framtidsretta frå UH og FpU

Leiarane i Framstegspartiets Ungdom og Unge Høgre har kome fram til ei lang rekke ”krav” til moderpartia våre i samband med danning av ei eventuell koalisjonsregjering etter haustens val. Lista inneheld mange gode punkt. Mellom anna er FpU og UH samde om at formueskatten, arveavgifta og dokumentavgifta bør fjernast. I tillegg vil vi mellom anna auke botnfrådraget til 120 000 kroner samt heve innslagspunktet for toppskatten.

Ikkje uventa har fleire på venstresida reagert på fleire av framlegga. Mellom dei er Karianne Torvanger i Sogn og Fjordane Ap. Spesielt reagerar ho på nokre av kutta vi vil gjere på utgiftssida i statsbudsjettet. FpU og UH er samde om at det bør innførast to karensdagar. Dette har synt seg å vere eit treffsikkert verkemiddel i kampen mot korttidssjukefråvær. Mellom anna i Finland. I tillegg ynskjer FpU og UH at fleire uføre skal nytte restarbeidsevna si i større grad enn i dag. I dag mottek heile 700 000 personar i arbeidsfør alder ein eller annan form for offentlig støtte. Det som er mest bekymringsfullt med dette talet er at det er sterkt aukande, og krev ein stadig større del av statsbudsjettet. Dessverre har ikkje den sitjande regjeringa gjort noko for å betre situasjonen. Kvar gong nokon frå Høgre eller FrP nemner dette problemet vert vi med ein gong sett i bos som ”usosiale”. Til og med Karl Marx meinte at folk skulle yte det dei kunne. Nordmenn har aldri hatt betre helse og arbeidstilhøve. Då kan ikkje Regjeringa berre sitje å sjå på at fleire og fleire vert avhengige av trygdeytingar.

Når det gjeld skattelettelsane FpU og UH føreslær so vil mesteparten av pengane gå med til å heve botnfrådraget til 120 000 kroner. Dette er eit tiltak som kjem ALLE skatteytarar til gode, uavhengig av inntekt. So at det er eit skatteopplegg som fyrst og fremst tener dei rike, slik som Torvanger hevdar, er direkte feil. I FrP sitt alternative statsbudsjett for 2009 gjorde vi framlegg om å gje 10 milliardar i skattelette til dei som tener under 300 000 kroner. Gruppa som tener over ein million i året vart tilgodesett med 0,4 milliardar, eller 2% av dei samla skattekutta vi gjorde framlegg om. Vårt skatteopplegg har berre ein tapar, og det er staten.

Den raudgrøne regjeringa har auka statens utgifter med 100 milliardar kroner sidan den tiltredde, men kva resultat har dei eigentleg å syne til? Det vert stadig fleire fattige, trass i rekordhøge trygdeutgifter. Helsekøane veks med 20 000 personar i året sjølv om sjukehusbudsjettet er rekordstort. Norske elevar gjer det dårligare og dårligare på internasjonale undersøkingar sjølv om vi brukar meir pengar på skule enn nokon gong og vi har fleire lærarar pr. elev enn dei fleste andre OECD-land. Då er det ingen grunn til å tru at dei raudgrøne sine lovnader om meir pengar skal vere det saliggjerande. Det må systemendringar og reformar til. Det er på høg tid å fornye Norge. Skal vi få til det må den systemkonservative og reaksjonære regjeringa vi har i dag få avløysing av ei ny, blå-blå regjering.

Ingen kommentarer: