torsdag 13. november 2008

Innlegg i Stortinget om modernisering av offentlig sektor

I dag debatterte Stortinget ein interpellasjon frå Erna Solberg til Statsministeren om moderniseringsbehovet i offentlig sektor. Underteikna nytta høvet til å synge ut om valfridom og reformbehovet i offentlig sektor:

Om du ikkje gidd å lese kan du sjekke ut lenkja:
http://www20.nrk.no/stortingetwebtv/avspiller.aspx?meny=arkiv&forelder=2754&kategori=5686&id=433859

Eg får ordet etter ca 1:13:30 (Flytt fram).



Moderniseringsbehovet i offentlig sektor er stort. Dessverre ser ikkje den sittande regjeringa ut til å ta dette på alvor. Vi har store utfordringar innan både skule og helse, og vi har framleis ein overadministrert offentlig sektor og eit overbyråkratisert samfunn. Ingen av desse utfordringane ser ut til å bry regjeringa nemneverdig. Norge slit i dag med ein dyr skule som ikkje leverer resultat som vi har grunn til å vere fornøgde med, og helsekøane vert stadig lenger. Det er behov for forandring i offentlig sektor.

Eit sentralt element i arbeidet med fornying av offentlig sektor er meir valfriheit. Den sitjande regjeringa ser dessverre ut til å ha ein slags allergi mot alt som kan likne på konkurranse og innslag av private initiativ. I Sverige og England ser vi at Arbeidarpartiet sine systerparti støttar heilhjarta opp om friskular. Dei klarer heldigvis å sjå verdien av valfriheit og konkurranse. Norge er derfor, sjølv i sosialdemokratisk målestokk, umoderne. Den nyvalde presidenten i USA hadde forandring som mantra for sin valkamp. Ein av dei tinga han vil forandre, er at han vil ha eit større innslag av friskular. USA har dei same problema som Norge, med høg ressursinnsats i skulen, men resultata uteblir.

Mens resten av verda ser ut til å innsjå at friskular og valfriheit er bra, heng gamle Norge igjen i sosialdemokratiske løysingar som vart utvikla i tidleg etterkrigstid. Det norske samfunnet har forandra seg voldsomt sidan den tid, og desse løysingane har for lengst gått ut på dato. No må det forandring til. Dette gjeld dessverre ikkje berre innafor skule. Vi ser og at den same motstanden mot alt som kan minne om private innslag og konkurranse får konsekvensar og i helsepolitikken, der helsekøane har auka jamt under den sittande regjeringa. Å auke andelen av innsatsstyrt finansiering har tidlegare vist seg å vere eit treffsikkert tiltak for å få ned helsekøane. Framstegspartiet, president, går i vårt alternative statsbudsjett inn for å auke ISF-andelen frå 40 til 60%. Dette er eit tiltak som verken er dyrt eller krev store reformar, men som vi veit vil bidra til eit betre og meir effektivt helsevesen. Det er sterkt beklagleg, president, at regjeringspartia ikkje støttar oss i dette.

Valfriheit må bli regelen, ikkje unntaket, i offentlig tenesteproduksjon. Ikkje berre utifrå ein rein utilitaristisk ståstad, men fordi valfriheit og den enkeltes råderett over seg sjølv og sin eigen kvardag faktisk er ein viktig verdi i seg sjølv. Eit finansieringssystem for velferdsnorge der pengane føl brukaren gjer og i langt større grad meir valfriheit til personar som ikkje er spesielt velbemidla. Fleire friskular fører til at ungar frå alle familiar får muligheita til å velge private alternativ, og det vert ikkje berre dei med tjukkast lommebok eller rausast arbeidsgjevar som kan velje private alternativ i helsevesenet. Ein skulle derfor tru, president, at sosialdemokratar støtta heilhjarta opp om denne ideen. I fleire land gjer sosialdemokratane det, men dessverre ikkje i Norge.

Når ein høyrer representantar frå regjeringspartia snakke, president, kan ein begynne å lure på om dei vil modernisere offentlig sektor i det heile tatt. Det virkar på meg som om den sittande regjeringa er ganske so visjonslaus og ikkje har noke anna mål enn å vere ein bremsekloss for den nødvendige forandringa som so smått begynte i forrige stortingsperiode. Ein slik reaksjonær politikk er dømt til å misslukkast.

Interpellanten syner i interpellasjonen til eit sitat frå Statsminister Stoltenberg frå år 2000 der han peika på behovet for nytenking og fornying i offentlig sektor. Dessverre har Statsministeren lagt desse tankane på hylla. Eg vil på det sterkaste, president, oppfordre Statsministeren om å hente fram igjen desse tankane, for offentlig sektor har slett ikkje noke mindre behov for modernisering i dag enn i 2000. Men eg har dessverre ikkje stor tru på at han vil finne dei fram igjen med det fyrste.
Etter regjeringsskiftet og namneendringa frå moderniserings til fornyingsdepartementet kan det no virke som om vi har fått eit eige departement til å styre forsøksordningar med 6 timars arbeidsdag. Ting går i feil retning, president.